TURBINEN: Vaksne har frå fredag av lov til å driva idretts- og fritidsaktivitetar innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halda minst ein meter avstand. (Arkivfoto)

Desse smitteverntiltaka gjeld frå fredag

Frå i dag, fredag 16. april, er det nye smittevernreglar og anbefalingar. Her finn du dei som gjeld frå Vaksdal kommune.

Vaksdal kommune opplyser at ein følgjer nasjonale reglar og anbefalingar, og dette er nytt frå fredag 16. april:

Sosial kontakt

— Alle bør avgrensa sosial kontakt.

— Ikkje ha besøk av fleire enn fem personar. Om alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunne halde avstand.

— Oppfordring til å møta andre utandørs.

Idretts- og fritidsaktivitetar

— Vaksne kan driva organiserte idretts- og fritidsaktivitetar innandørs i grupper inntil 10 personar, så lenge dei kan halda minst ein meter avstand. Utandørs kan vaksne driva organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand.

— Kommunen er i kontakt med idrettslag, kor og korps, og vil laga ein plan for oppstart av trening og øving.

— Har ein spørsmål om trening eller andre aktivitetar, ta direkte kontakt med ditt lag.

Private arrangement:

— Inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år frå same kommune.

— Maks 100 personar på arrangement innandørs kor alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

— Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) viss dei sit på faste tilviste plassar, og det er to meter avstand mellom kohortane.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Same anledning til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkjebevilling

— Kun tillate med skjenking ved servering av mat. Skjenkjestopp kl. 22.00

Arbeidsliv

— Heimekontor for alle som kan.

Les meir på regjeringa.no