AKTIVITETAR: Rafting i Vosso var mellom aktivitetane dei unge kunne delta på i fjor. Foto: Voss Active

— Det blir ferieaktivitetar for dei unge i år også

Vaksdal Frivilligsentral fekk tysdag melding at ein har fått 150.000 kroner i tilskot til aktivitetar for born og unge i Vaksdal kommune.

Dagleg leiar for Vaksdal Frivilligsentral, Torunn Samuelsen, er svært fornøgd med tilskotet som kom frå BUFDIR (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet).

— Ja, dette var ei veldig god nyheit å få. BUFDIR har gjeve oss 150.000 kroner, og det sikrar mange aktivitetar for dei unge i Vaksdal. Tilskotet er 50.000 kroner større enn det me brukte på ordninga Ung i Vaksdal i fjor, så dette skal bli bra, smiler Samuelsen.

Meistring

Ho seier at det også i Vaksdal bur mange unge som kanskje ikkje har moglegheit til å skapa dei gode opplevingane om sommaren. Men tilbodet ein skal sy i saman, skal sjølvsagt gå til alle unge i kommunen.

— Me såg i fjor kor positivt dette var, og kor mange som fekk meistringskjensler under aktivitetane me organiserte. Dette skal me få til kommande sommar også. Me skal setja saman ei spennande «smørbrødliste» av aktivitetar for barn og unge under 20 år. Men det er også opning for at foreldre kan delta — mot å betala ein liten eigendel, fortel Samuelsen.

Kan få meir

Akkurat kva aktivitetar som vert tilbydd, vil frivilligsentralen komma tilbake med seinare i mai månad. Då vil det også verta mogeleg å melda seg på aktivitetane.

— Me har også søkt om midlar mellom anna frå Gjensidigestiftelsen, og svar derfrå er venta i løpet av mai. Midlane frå BUFDIR er midlar som kan nyttast heile året, medan dei andre midlane me har søkt om gjeld for sommaren, seier Torunn Samuelsen.