Ved Stanghelle skule har elevane heimeskule fredag, grunna koronautbrotet. (Arkivfoto)

Det fjerde smittetilfellet er registrert i Vaksdal

Seint torsdag kveld fekk ein ny person stadfesta smitte i Vaksdal. Fredag vert det heimeskule for elevane på Stanghelle skule.

Dette er det fjerde smittetilfellet sidan onsdag.

– Me har i kveld fått stadfesta at ein person til er smitta av Covid-19. Talet på smitta i kommunen er då fire personar, opplyste kommunen.

På Stanghelle skule blir det heimeskule for alle elevane fredag. Her er nokre elevar og tilsette i karantene, og nokre i ventekarantene. Føresette er varsla i eigne kanalar.

– Dei som er i karantene skal testast, og blir kontakta av koronateamet, melder kommunen.

Også ein del personar knytt til LAN-arrangementet i Turbinen sist helg, har vore i karantene.

Som VP melde torsdag vert det vidare opplyst at ingen elevar på ungdomssteget har testa positivt, og at det blir vanleg skule på Dale fredag 23.april.

Les også
8.-klassingar ute av karantene