Både helse og politi rykte ut då ein motorsyklist køyrde av vegen måndag.
Både helse og politi rykte ut då ein motorsyklist køyrde av vegen måndag. Foto: Illustrasjon

Det gjekk bra med motorsyklist som køyrde av vegen

Måndag føremiddag vart føraren av ein motorsykkel henta av luftambulanse. Ulukka skjedde i nærleiken ved Bergovatnet i Eksingedalen.

– Dei var tre motorsyklar som køyrde i lag, og ein av dei skal ha køyrd av vegen, opplyser lensmann Ivar Hellene til VP klokka 14.

Føraren, som skal vera rundt 50 år, var sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, men det skal etter forholda stå bra til med mannen, fortel Hellene.

– Føraren er bevisst. Helse og politi er på staden. Føraren vert teken hand om av luftambulanse, opplyste Vest politidistrikt like etter hendinga.

Ulukka vart meldt klokka 11.18.

Saka vert etterforska på vanleg måte, opplyser politiet på Voss.