Laurdag var det innspurt av valkampen, og alle partia var samla i Gatå på Dale.
Laurdag var det innspurt av valkampen, og alle partia var samla i Gatå på Dale. Foto: Kristine Næss Thorsen

Dette synest dei om valkampen

Valkampen vart avslutta med at alle partia hadde standar i Gatå laurdag.

VP tok ein prat med lokalpolitikarane om kva dei synest om valkampen.

Thor Andersen, listetopp for Arbeidarpartiet, meinte det hadde vore godt stemning blant partia, men at alle hadde lova mykje, og at det blir utfordrande å følgja det.

– Eg meiner me i Ap har halde seg til realistiske mål, og står inne for det me har sagt.

Samtidig sa Andersen at det har vore snakka mykje negativt om kommunen, men at ikkje alt nødvendigvis er sant.

– Det er mykje bra i Vaksdal kommune også, men me har sjølvsagt potensiale til å bli betre, ikkje minst innanfor helseområdet, sa Andersen.

– Spennande

Boris Groth, listetopp for Frp, meinte det hadde vore ein spennande valkamp.

– Det er ekstra spennande sidan me veit at kommunen får ny ordførar.

Han la vekt på at det fine med å driva valkamp i Vaksdal er at ein kan vera veldig usamde, men kan drikka kaffi saman og slå av ein prat etterpå.

– Debatten vert ikkje personleg, meinte han.

– Fleire medlemmar

Odd Jøran Oldervik, 4.-kandidat på SV si liste, meinte valkampen har gått veldig fint.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått fleire medlemmar i år, så då det vert ikkje så mykje arbeid på få personar. Samtidig kjenner me som driv politikk i Vaksdal kvarandre, så det har ikkje vore personangrep.

Guro Hesjedal Lunde, listetopp for Raudt, sa at ho trur partiet har fått fram kva dei står for.

– Eg har inntrykk av at folk er glade for at Raudt stiller liste til dette valet.

– Saknar miljøspørsmål

Tom Charles Johnsen, listetopp for Miljøpartiet Dei Grøne, syntest valkampen har gått greitt, men har sakna at folk har stilt miljøspørsmål både i lokalavisa og i debatten som vart arrangert i Turbinen.

– Elevane på Stanghelle skule spurde derimot mange miljøspørsmål då me var på skulebesøk.

Banka på dører

Erlend Hesjedal-Johannsen, listetopp for Høgre, fortalde at han og Høgre-folk i Vaksdal har vore innom 600 bustader for å fortelja om Høgre sin politikk,

– Så det skal ikkje stå på innsatsen, smilte han, og meinte at det stort sett har vore ei fin valkamp.

– Men det har vore nokre litt spisse lesarbrev i avisa.

– Positive tilbakemeldingar

Listetopp for Senterpartiet, Hege Eide Vik, fortalde at ho synest det har vore kjekt å treffa folk og snakka med dei andre politikarane i valkampen.

– Me har berre fått positive tilbakemeldingar på standane me har hatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjart-Magnus Ndogo Rosvold, listetopp for Kristeleg Folkeparti, synest dei lokale listekandidatane har behandla kvarandre bra.

– Me har kanskje for lite å vera usamde om. Det har iallfall ikkje vore personangrep, meinte Rosvold.

knt@vp.no