DIGITALT FOLKEMØTE: Tilsette i Statens vegvesen og Bane NOR skal tysdag kveld informera og svara på spørsmål om massehandtering og sjødeponi i K5-prosjektet. (Skjermdump) Foto: Statens vegvesen

Digitalt folkemøte om K5-massar tysdag kveld

Klokka 19.30 startar eit digitalt folkemøte der temaet er korleis handteringa av massar og sjødeponi i K5-prosjektet er planlagt.

Reguleringsplanen for E16 og jernbana mellom Arna og Stanghelle er ute på høyring, med høyringsfrist 17. september.

I folkemøtet i regi av Statens vegvesen og Bane NOR vert det informert, og ein kan stilla skriftlege spørsmål i chatten som vert besvarte.

Møtet kan ein følgja frå klokka 19.30 til 21.00, og det vil også verta liggjande ute etterpå. Sjå møtet HER eller via nettsida under:

I omtalen av møtet heiter det:

Prosjektet E16 og Vossebanen Arna Stanghelle vil få eit stort overskot av massar. Mange nye tunnelar gir eit masseoverskot på meir enn 10 millionar m³ tunnelstein, eit volum som tilsvarar cirka 330 rådhus i Bergen. Vegvesenet og Bane NOR arbeider kontinuerleg med å finne samfunnsnyttig bruk av disse enorme overskotsmassane.

Møtet tysdag 7. september vil handla om arbeidet med massehandtering. Det vert særleg fokus på søknad om sjødeponi som Statsforvaltaren i Vestland har lagt ut til offentleg høyring. Ein vil få meir detaljert informasjon om bakgrunn for søknaden, løysingar og lokalitetar som er valt, og miljøundersøkingar som er gjennomført.

Det blir mogleg å stille spørsmål i chat til prosjektleiinga og fagpersonar. Møtet blir på Teams Live Event, og krev ikkje innlogging.