Overflatevatnet frå Bogevassdraget skal snart erstattast med grunnvatn frå Sædalen, som mellom anna skal lagrast i dette nye høgdebassenget på vegen opp til Tjørnhaugen.
Overflatevatnet frå Bogevassdraget skal snart erstattast med grunnvatn frå Sædalen, som mellom anna skal lagrast i dette nye høgdebassenget på vegen opp til Tjørnhaugen. Foto: Egil Blomsø

Drikkeklart vaksdalsvatn

Kokevarselet på det kommunale drikkevatnet på Vaksdal vart fredag oppheva.

– Vatnet er friskmeldt, du kan trygt drikke det frå i dag, skriv Vaksdal kommune på heimesida si.

Ni dagar med kokevarsel

Det var onsdag i forrige veke at det vart funne både koliforme bakteriar og E. coli i dei kommunale vassverka både på Eidsland og Vaksdal, og kokevarsel vart sendt ut begge stader.

Utspyling av leidningsnettet

På Eidsland vart varselet oppheva etter to dagar, medan to prøvetakingar seinare på Vaksdal har synt at førekomsten av bakteriar i Vaksdals-vatnet har vore for høg. Etter siste prøvetaking føretok ein også ei utspyling av anlegget, og no er altså vaksdalsvatnet friskmeldt.