FRISKT DALEVATN: Vatnet på Dale kan brukast som normalt, etter at kommmunen onsdag gav kokepåbod. (Foto: Harald Lyngmo)

Drikkevatnet på Dale er friskmeldt

Drikkevassforbodet på Dale er oppheva.

Vaksdal kommune opplyser torsdag klokka 11 at nye analysar av vatnet viser at det ikkje er forureina.

– Varsel om kokepåbod vert oppheva, går det fram av ei melding frå kommunen.

Mange prøvar med positivt resultat

– No har me fått svar på prøvane me sende inn i går, me tok fleire til forskjellige tidpunkt, og dei var alle bakteriefrie. Då kan det kommunale drikkevatnet frå grunnvasskjelda på Dale brukast som før, fortel fagleiar for vatn og avlaup i Vaksdal kommune, Dag Seim til VP.

Bergsdalsvassdraget

Han fortel at det er første gongen ein har oppdaga bakteriar i drikkevasskjelda i løpet av dei 10 åra han har jobba i kommunen.

– Mistanken min om at dette skuldast overføringa me måtte gjera frå den opne kjelda i Bergsdalsvassdraget, er vorte forsterka siste døgeret, seier Seim.