E16 ved Bolstad vart fredag morgon stengt grunna fare for nye ras. Klokka 11.00 opna vegen igjen med manuell dirigering.
E16 ved Bolstad vart fredag morgon stengt grunna fare for nye ras. Klokka 11.00 opna vegen igjen med manuell dirigering. Foto: Lars Helge Rasch

E16 er opna mellombels igjen ved Bolstad

Klokka 11.00 melde vegtrafikksentralen at E16 ved Bolstad er open med manuell dirigering.

– Vegen er opna igjen med manuell dirigering ved Bolstad. E16 bli stengt på kort varsel, vert det meldt.

To timar tidlegare melde Vegtrafikksentralen at E16 ved Bolstad då vart mellombels stengt. Årsaka var fare for ras.

Vegen vart stengt klokka 09.19 fredag.

– E16 er mellombels stengt på grunn av rasfare. Folk på staden har vurdert situasjonen. Vatn har teke med seg masser ned fjellsida, noko som indikerer rasfare opplyste Kjetil Løvås, operatør Vegtrafikksentralen, til VP.

Det er ikkje omkøyringsmogelegheiter via fv. 314 gjennom Bergsdalen, då denne vegen framleis er stengt ved Øye.

Omkøyringsveg er Fv. 7, opplyser Statens vegvesen.

knt@vp.no