Politi og dei andre naudetatane rykte fredag ut til E16. (Illustrasjonsfoto)

E16 opna att ved Bolstad

Fredag føremiddag vart E16 stengt mellom Dale og Voss. Vegen vart opna att etter å ha vore stengt i litt over ein time.

Ein stor stein har falle ned i vegbana, og ein personbil køyrde inn i steinen. I bilen sat det fem personar, og alle skal vera oppegåande.

Naudetatane fekk melding i 10.30-tida om hendinga mellom Bolstad og Vassendatunnelen.

Det skal komma ein geolog for å vurdera fjellsida på staden.