KØ: Det stod kø forbi Dale. Politiet kom litt etter kl 19. Foto: Esben Hesjedal

E16 er open igjen

Fleire tunnelar på E16 i Vaksdal kommune var tysdag kveld stengde i fleire timar. klokka 21.30 kunne endelev vegen opnast igjen.

Det var lamnge køar, frå klokka 19 stod det kø frå Dalevågtunnelen og heilt forbi Dale.

Politiet melde at eit større køyretøy hadde vore oppi lys og lysinstallasjonar i tunneltaket i fleire tunnelar og gjort skade på dette.

KØ: Det var lange køar på E16, som her i Johagen. Foto: Tipsar

Dalevågtunnelen og Hettetunnelen var stengde, grunna at det heng leidningar ned i ein tunnel mellom desse. I tillegg var det også meldt at fleire tunnelar mellom Vaksdal og Trengereid var stengde. Dette var Langhelle-, Stavenes- og Trengereidtunnelen. Desse vart etter ei tid opna igjen.

KØ: Det var lange køar på E16, som her i Johagen. Foto: Tipsar