E16 opna igjen etter kring ein time med kø.
E16 opna igjen etter kring ein time med kø. Foto: Esben Hesjedal

E16 opna igjen

Klokka 10.50 opna E16 igjen etter trafikkulukka måndag føremiddag.

Vegen vart stengt i kring ein time.

Ein del personbilar nytta den kommunale vegen om Hestavollen medan E16 var stengt, men det vart køar i begge retningar på E16 medan opprydningsarbeidet inne i tunnelen pågjekk.

Tre køyretøy, to personbilar og ein lastebil, var involvert i hendinga, som skjedde om lag 100 meter inni Beitlatunnelen, på Dalesida.

Det pågår for tida arbeid i tunnelen i samband med oppgradering av lys- og tryggleiksanlegget, men det var ikkje arbeid då ulukka skjedde.

Det er ikkje meldt om personskadar.

eh@vp.no