Det var på grensa mellom Vaksdal og Voss raset gjekk.
Det var på grensa mellom Vaksdal og Voss raset gjekk. Foto: Lars Helge Rasch

E16 opna igjen

Klokka 16 torsdag opna E16 igjen etter raset onsdag kveld.

Vegen mellom Dale og Bolstad opna for manuell dirigering i 16-tida torsdag. LIke etter vart det meldt at det er fri ferdsel på staden. Fartsgrensa skal vera sett ned til 50 km/t.

– Eit klatrelag jobbar med fjellreinsk, og ein må forventa korte stengingar, melder Statens vegvesen.

Tidlegare på dagen hadde eit helikopter spylt fjellsida.

Det var i 23-tida onsdag gjekk det eit ras ved inngangen til Kluftafjellstunnelen, på kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss.