annonse

E16: Opnar eitt felt klokka 14

RAS
RAS: Like ved bompengeinnkrevjinga på Bolstad gjekk det natt til torsdag ras. I løpet av torsdag skal eitt felt opnast. (Foto: Statens vegvesen)

Klokka 12 melder Statens vegvesen at E16 mellom Dale og Voss framleis er stengt, men at ein etter planen vil kunna opna ei køyrebane klokka 14.

Esben Hesjedal

Etter dei to rasa ved Bolstad skal eitt felt verta rydda, og så skal trafikken på E16 gå forbi med leiebil.

Det siste døgnet har det regna mykje, og det har skapt utfordringar på vegane.

Når det gjeld fv. 314 over Hamlagrø er geologteknikar og geolog på veg for å vurdere kor tid vegen kan opnast att etter raset ved Øye.

E16 Bergen-Voss

På E16 mellom Bergen og Voss er vegen stengt to stader ved Bolstad. Her har ei elv tatt med seg delar av vegen.

– Det vil truleg ta fleire dagar før vegen kan opne att for fri ferdsel, seier trafikkoperatør Tore Tysse i Statens vegvesen.

Når det gjeld anna trafikk opplyser vegvesenet følgjande:

Fv. 7 mellom Norheimsund og Granvin er opna etter å ha vore stengt i natt. Her er det kolonnekøyring. Dirigentar står ved Hagaåstunnelen i Samnanger og ved avkøyringa til fv. 7 i Granvin.

All trafikk som skal frå vest til aust kan køyra fv. 48 frå Hagaåstunnelen i Samnanger til Gjermundshamn, og vidare med ferje til Årsnes. Vegen vidare går til Odda over E134 Haukeli.

Eit anna alternativ frå aust til vest er å køyra på fv. 7 frå Granvin til Trengereid. Mellom Granvin og Fyksesund er det kolonnekøyring.

– Det er vakter på staden som held oppsyn med situasjonen, og leiebil står klar om trafikken aukar, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø.

Status på stengde vegar kl. 11.50.

• E16 ved Bolstad er stengt på grunn av ras.

• Fv 314 Dale – Bulken over Hamlagrø er stengt på grunn av ras.

• Fv. 49 ved Vikøy på strekningen Mundheim – Nordheimsund er stengt på grunn av flaum. Anbefalt omkøyring via fv. 48 Eikelandsosen.

På fv. 550 ferjestrekninga Utne-Kvanndal er det redusert kapasitet på grunn av problem med ferje. Ferje B er innstilt.

Ein kan halda seg oppdatert 175.no og på @VTSvest på Twitter.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.