STENGT: Tolles på veg inn i Beitlatunnelen for å sjekka kva som må gjerast for å opna tunnelen igjen. Foto: Esben Hesjedal

E16 er opna igjen

Beitlatunnelen var laurdag stengt ein periode, men er no opna igjen.

Vegtrafikksentralen melde i 12.15-tida at tunnelen var stengt grunna gjenstandar i vegbana.

Jan Erik Tollefsen i Tolles AS opplyste til VP at det var ein betongklump som hadde falle ned i vegen.

— Det er losna ein betongklump. Den er ikkje stor, men me må få sjekka kor den kjem ifrå og om det er trygt å opna tunnelen igjen. Det er folk på veg for å sjå på dette saman med oss, fortalde Tollefsen til VP klokka 12.45.

Han forventa at tunnelen vart steing ein periode. I 13-tida vart tunnelen opna igjen.

Det var noko kø på begge sider av Betlatunnelen medan E16 var stengt.