Det var kø på E16 ved Dale då Beitlatunnelen  ein periode var stengt måndag føremiddag.
Det var kø på E16 ved Dale då Beitlatunnelen ein periode var stengt måndag føremiddag. Foto: Esben Hesjedal

E16 ved Beitlatunnelen opna igjen

Måndag føremiddag var E16 stengt i vel ein halv time.

Litt før klokka 10 vart det meldt om at Beitlatunnelen var stengt grunna ein gjenstand i vegbana.

Det har danna seg køar på begge sider av tunnelen.

Klokka 10.35 opna E16 igjen.

Søndag sklei ein vegvals av ein lastebil mellom Stanghelle og Vaksdal i 15-tida. Vegen var stengt ein kort periode.