Natt til laurdag vil E16 verta stengt ved Bolstad.
Natt til laurdag vil E16 verta stengt ved Bolstad. Foto: Lars Helge Rasch

E16 vert stengt natt til laurdag

E16 mellom Dale og Voss er førebels open på dagtid fredag, men frå fredag kveld til laurdag morgon vert vegen stengt.

Det opplyser Statens vegvesen fredag i 12.30-tida.

– Førebels er eitt felt på E16 ope, og trafikken blir losa gjennom med leiebil.

Natt til fredag blei E16 stengd igjen etter at det blei oppdaga misfarging av vatnet i elva. For å vera føre var blei vegen då stengd.

– Elvene er no på dagtid fredag gått tilbake, og vatnet har fått sin vanlege farge igjen. Etter ei vurdering valde vi å sleppe trafikken gjennom med leiebil, seier byggjeleiar Bente Bergstø.

Det skal komme meir nedbør i løpet av fredagen og natt til laurdag, og nye vurderingar blir gjort fortløpande.

– Det vil seia at E16 kan bli stengd på kort varsel. På grunn av dei store nedbørsmengda som er varsla, kjem vegen uansett til å bli stengd frå kl. 20.00 fredag kveld til kl. 07.00 laurdag morgon. Det blir gjort ei ny vurdering laurdag morgon om vegen kan opnast for trafikk, seier Bergstø.

På fv. 7 er det beredskap med vakter som står klare til å dirigera trafikken om det blir naudsynt å stengja E16.

Når det gjeld Fv. 314 over Hamlagrø er vegen framleis stengd ved Øye, men forhåpentlegvis blir vegen opna i løpet av dagen. Ny vurdering vert gjort fredag kl. 15.00.

eh@vp.no