17. MAI: Politifolk som kjem med ei 17. mai-helsing og ei oppmoding til folk i Vaksdal. Frå venstre politibetjent Maria Elena Aga Gjøn, politioverbetjent og leiar for operativt mannskap Henning Hegbom og politioverbetjent og politikontakt Gunn Iren Brenden. (Foto: Politiet)

Ei 17. mai-helsing frå politiet

Også for politiet vert det ei annleis å vera på på jobb under den komande 17. mai-feiringa enn kva ein har vore vane med tidlegare. Frå lensmannen sine hjelparar har VP motteke denne 17. mai-helsinga.

Kjære alle saman!

Koronapandemien har råka oss alle på ein eller anna måte, og me har tilpassa oss etter beste evne. Me har alle stått saman i same dugnad for å hindra spreiing, og me har lukkast så langt. Men, me kan ikkje senka skuldrene heilt enno. Me må lytta til helsefaglege råd slik at me ikkje får ei ny oppblomstring med sjukdomstilfelle.

Ein viktig dag

17. mai er grunnlova sin bursdag og difor ein viktig dag for alle som bur i Norge. Det er ein dag med lange tradisjonar og me feirar den over heile landet.

Det blir ikkje folketog i bygdene våre i år. Det blir ikkje store samlingar med leik og moro. Noko som før har vore eit høgdepunkt for både born og vaksne. Russen fekk ikkje den russetida dei hadde sett for seg, men dei har vore flinke. Dei har stilt oss spørsmål og ynskt avklaringar for kva dei kan gjera og kva dei ikkje gjera. Dei har funne sin måte å feira på.

Ein annleis 17. mai

I år blir det ein annleis 17. mai, men me er trygge på at det kan bli ei fin feiring likevel. Me er kjende med at grendelaga og 17. mai komiteane i bygdene vore kreative i planlegginga av den digitale feiringa i år.

Fylg med på VaksdalPosten, ha nok is i frysen til at borna blir nøgde, leik saman og et masse god mat. Lag ein fin dag som de alle vil hugsa!

Me i politiet vil ynskja dykk alle til lukke med dagen! Ha ein riktig god 17. mai.

Helsing frå oss på lensmannskontoret.