SKULEAVIS: Framsida av den flotte skuleavisa til årets 6. klasse ved Vaksdal skule. (Illustrasjonsfoto)

Ei skuleavis om skulebygda Vaksdal

— Er det ikkje det me alle har drøymt om ein gong —å riva ned ein skule? spør årets 6.-klassingar ved Vaksdal skule på muntert vis på framsida av den nye — og beint fram imponerande skuleavisa dei har laga, ei avis som tek føre seg små og store hendingar i skulebygda Vaksdal.

Og det gjeld heile historia. Mest sjølvsagt om dagens skule, som vart opna i 1963 og som no fell for aldersgrensa — men altså også skulehistoria i bygda heilt tilbake til 1800-talet.

For her kan ein lesa at det var i 1872 at heradsstyret vedtok å byggja skular på Vaksdal og Stamnes. Det er 148 år sidan. Første skulen på Vaksdal vart bygd på Brualeite i 1873.

Laga avis frå heimeskulekontora

Bakgrunnen for avisprosjektet er at dette skuleåret er det siste ved noverande Vaksdal skule. Til hausten skal gamleskulen rivast og ny byggjast på same tomta.

6.-klassingane har hatt god hjelp i arbeidet av lærar Mikkel Andreas Eriksen og foreldrerepresentant Linda Lien. Sistnemnde, mellom anna med fleire år bak seg som VP-journalist, fortel om ei kjekk tid i skuleavisredaksjonen, ei tid som også blei ein god del annleis enn kva ein planla.

— Prosjektet starta som ein idé for å finansiera skuletur, men viste seg fort å også verta eit samlande prosjekt i ei tid der elevane ikkje lenger kunne vera saman. Midt i arbeidet vart skulane stengde, og heimeskule vart den nye kvardagen. Avisprosjektet har gjort at elevane har hatt god kontakt både på nett og via telefon både med kvarandre, elevar i andre klassetrinn og vaksne i bygda, fortel Lien.

MYKJE LOKALHISTORIE: Det er nesten 150 år sidan den første skulen på Vaksdal vart bygd, og også historier frå tida før dagens skule vart opna i 1963, er med i avisa.

Skulen i koronatida

I skuleavisa finn ein både informasjon om den nye skulen som skal koma på Vaksdal og arkitektteikningane frå 1960-talet som viser dagens skule på teiknebordet. Her kan ein lesa om utviklinga, om tida som har gått sidan Vaksdal skule vart bygd i 1963, og før det også, men ein finn også mykje om det å gå på skule i dag — i koronatida. Slik har dette også blitt ei forteljing om den ekstraordinære situasjonen i landet og på Vaksdal våren 2020.

Viktig og god lokalhistorie

— Elevane og me vaksne har også samla informasjon og bilete som elles kunne gått tapt, og historier som ikkje tidlegare er skriftleggjorde. Alt i hop viktige bidrag for å ta vare på historia og minna frå Vaksdal skule. Slik har avisa fått ein lokalhistorisk verdi, seier Lien.

Av innhaldet kan nemnast rektoroversikt, intervju med tidlegare elevar, fotodokumentasjon av bygga, bilete av området frå fugleperspektiv og spørjeundersøking om kva som er mest populære aktivitetar i friminutta. Avisa er også eit lite kulturelt tilbod for barn, unge og vaksne i ei tid der mange aktivitetar elles er i dvale: Her finn ein quiz, kryssord, vitsar, gåter og tips om vitskaplege eksperiment du kan gjera heime.

Vart fort utseld

Gjennom avisa har også elevane lært om arbeidet frå idé til realisert og omsett produkt, og alle små og store oppgåver som følgjer i slikt arbeid.

— Under jobbinga med avisa har også VaksdalPosten vore ein viktig referanse og blitt hyppig nemnt når me har diskutert korleis me lagar ei god avis, og me har også funne interessant informasjon gjennom den tidlegare lokalavisa Bruvik, seier foreldrerepresentanten Linda Lien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei 24 siders forseggjort trykksak er dette blitt, og populær også både mellom bygdefolk og andre. Førsteopplaget på 250 vart rive vekk med det same det kom frå trykkjeriet, no er eit nytt opplag på veg.

AVISREDAKSJONEN: 6. klassen jobba med skuleavisa på skulen, før koronastenginga. (Foto: Linda Lien)

Dette meiner den unge avisredaksjonen

Elevane seier følgjande om avisa:

— Avisa har masse god informasjon om barneskulen som snart skal rivast.

— Avisa har informasjon om «gamle dagar» og «nye dagar».

— Avisa har og masse anna gøy du kan gjere, kryssord eller for eksempel quiz.

— Me har brukt mykje tid og det har vore hardt arbeid å skriva, teikna og redigera denne avisa, og her finn du mykje viktig lokalhistorie og skulekultur.

— Me har informasjon i avisa som kan vera kjekt for andre å veta, sjølv om du ikkje er frå Vaksdal!