Sentrale og fornøgde lokalpolitikarar hjå Samlingslista etter valsigeren i kommunevalet. Frå venstre Ove Eidsnes, Kjetil Eikefet og Kristin Nåmdal.
Sentrale og fornøgde lokalpolitikarar hjå Samlingslista etter valsigeren i kommunevalet. Frå venstre Ove Eidsnes, Kjetil Eikefet og Kristin Nåmdal. Foto: Magne Solhaug

Eikefet blir ordførar i Modalen – om han kjem inn

– No kjenner eg på ein skrekkblanda fryd, men eg er klar for vervet – om kjem inn i kommunestyret då, seier Samlingslista sin ordførarkandidat, Kjetil Eikefet.

Like etter at klappsalvane på valvaka på Mobryggja hadde lagt seg var Eikefet fort ute med å presisera at det ikkje er sikkert han er mellom dei sju som dei neste fire åra skal representera Samlingslista, Ingen av kandidatane på nokon av listene er nemleg kumulerte.

– Men truleg er eg inne, og då er eg klar, smiler han.

­Bra for Modalen

Solrenningslista sin listetopp, Linda Neset, er naturleg nok skuffa over at fleirtalet glapp, men er trygg på at resultatet likevel blir bra for Modalen.

– Det er gode folk på begge listene som vil bidra til positiv utvikling i dalen i framtida også, seier Neset etter at valresultatet vart kjent.

Kommunestyret klart i morgon

Først i morgon, tysdag, vert det klart kven som kjem inn i kommunestyret i Modalen. Då er også det som eventuelt kjem inn av ettersende førehandsrøyster talde.

– Dette kan uansett ikkje endra det totale valresultatet. Samlingslista blir størst i Modalen dei neste fire åra, seier avtroppande ordførar og leiar i valstyret, Tom Kristian Thorsen frå Solrenningslista.

ms@vp.no