Fredag melder Vaksdal kommune om eit nytt smittetilfelle. Foto: FHI

Ein ny person smitta med covid-19

Vaksdal kommune melder fredag føremiddag om at ein ny person har testa positivt på koronasmitte.

— Vedkommande er i isolasjon, og smittesporing med nødvendige karantenar er sette i verk, heiter det i meldinga.

Smitta i annan kommune

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser til VP at smitten truleg kjem frå ein annan kommune enn Vaksdal.

— Ja, vedkommande er nok smitta utanfor kommunen. Vedkommande var i karantene, og såleis var det ikkje så overraskande at det kom eit positivt testresultat. Me oppfattar dette som eit frittståande tilfelle, seier Thorseth.

Ikkje mange nye i karantene

Smittetilfellet utløyser ikkje mange nye karantenar.

— Nei, men nærkontaktar som har vore i ventekarantene går no i vanleg karantene, og den som har fått påvist smitte er sjølvsagt i isolasjon. Det vert som vanleg tatt ein ekstra runde med smittesporing og slikt, men dette tilfelle utløyser ikkje særleg nye tiltak, seier kommuneoverlegen.

Han trur ikkje at dette vil føra til eit nytt, større smitteutbrot.

— Slikt veit ein sjølvsagt aldri hundre prosent sikkert, men me oppfattar ikkje dette som særleg dramatisk, seier Thorseth.

Dette er det 49. smittetilfellet i Vaksdal kommune sidan starten av pandemien i 2020.