Ein ny smitta i Vaksdal

Det vert meldt om ein ny smitta i Vaksdal fredag.

Fredag melder Vaksdal kommune om eitt nytt smittetilfelle. Bergen vidarefører koronatiltaka i to nye veker, truleg vil Vaksdal også gjera det.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth seier til VP at det eine tilfelle som vart registrert fredag, er ein vaksen person.

— Vedkommande har vorte smitta i utlandet og har vore i karantene sidan han kom til Noreg. Me har sjekka, og det er ikkje fare for at vedkommande har smitta vidare. Så det er ikkje noko dramatikk knytt til dette tilfellet, seier Thorseth.

Sju siste veka

Med den eine nye smitta fredag, så har Vaksdal sju smittetilfelle sidan fredag sist veke. Totalt er 31 smitta dei siste vekene, i tillegg til dei fire tilfella i perioden før det tilbake til mars.

Torsdag hadde Vaksdal kommune to nye smittetilfelle.

— Dei som har testa positivt denne siste veke er, bortsett frå dagens tilfelle, nærkontaktar til folk som tidlegare fekk påvist smitte. Så det har vore litt som forventa at ein kunne få nokre slike.

Håpar på roleg helg

Kommuneoverlegen håpar og trur på ei roleg helg når det gjeld smitte.

— Det har blitt gjort ein del testar dei siste dagane som me ventar svar på, men ikkje så altfor mange. Så me håpar på ei roleg helg, seier Thorseth.

Vidareføring av strenge tiltak

Bergen kunngjorde fredag at dei ekstraordinære smitteverntiltaka vert vidareførte i to veker til, fram til 7. desember. Bjørnafjorden kommune er den einaste av nabokommunane som allereie fredag signaliserte det same.

Ekstra kommunestyremøte måndag

Kommunestyret i Vaksdal skal ha ekstramøte måndag ettermiddag, og det er venta at ein der avgjer kva Vaksdal gjer vidare.

— I dag, fredag, og sikkert også utover i helga, vil det vera samtalar mellom kommunane rundt Bergen angåande dette. Det ligg vel litt i korta at iallfall dei fleste lokale tiltaka som me og andre nabokommunar har hatt, vil verta vidareførte. Men dette vert endeleg bestemt på måndag, seier kommuneoverlege Thorseth.