Vaksdal kommune melder onsdag føremiddag at ein person har fått påvist koronasmitte. Foto: FHI

Ein smitta i Vaksdal, skuleklassar i ventekarantene

Ein person i Vaksdal kommune har fått påvist koronasmitte, og tre skuleklassar er sett i ventekarantene.

Det opplyser kommuneoverlege Ole M. Thorseth til VP onsdag føremiddag.

— Vedkommande testa seg i går, og fekk positivt svar på prøven. I og med at denne personen har barn som går på skule, så vart tre klassar ved skulane på Dale og Stanghelle sendt i ventekarantene onsdag morgon, opplyser Thorseth.

Testing

Familien til den smitta er i karantene, og vert testa i dag, onsdag.

— Me håpar sjølvsagt på raske og negative svar på testane som vert tekne, men slikt veit ein aldri. Ved negative svar vil skuleklassane kunna sleppa ut av ventekarantene, men om dette eventuelt blir på torsdag eller fredag, er umogleg å svara på. Kor raske svar ein får, avhengig av pågangen ved laboratoriet i Bergen, seier Thorseth.

Les også
Også karantene i Vaksdal barnehage

Kan vera smitta i Bergen

Kommuneoverlegen trur at smitten kan stamma frå Bergen.

— Dette veit me ikkje sikkert, men det er grunn til å tru at vedkommande kan ha blitt smitta i jobbsamanheng i Bergen. Me set no inn tiltaka med ventekarantene for tre klassar, og håpar å stoppa dette, men det veit ein jo ikkje sikkert før det kjem fleire prøvesvar.

Dette er det 42. tilfellet i Vaksdal kommune.

FHI sine karantenereglar