Eit nytt smittetilfelle i Vaksdal
I dag fredag vart det kjent at ein person i 20-åra, busett i Vaksdal kommune, er smitta av korona.
— Vedkomande er truleg blitt smitta under opphald i Bergen, fortel kommuneoverlege Ole M. Thorseth til VP.
Den smitta har milde symptom, og er sett isolasjon.
— Det føregår no ei omfattande smittesporing av nærkontaktar, som blir testa og sett i karantene, seier Thorseth.
Dette er det 41. tilfelle av Covid-19 knytt til Vaksdal kommune.