Søndag føremiddag kom den femte positive koronatesten i utbrotet som starta onsdag. Foto: FHI

Eit nytt smittetilfelle søndag

Vaksdal kommune melder søndag om at ein ny person har testa positivt på covid-19.

— Status søndag føremiddag er at kommunen er varsla om ny positiv test. Vedkommande blir følgt opp av koronateamet. Talet på smitta i kommunen er no fem, melder kommunen.

Det vert elles opplyst at alle som er i karantene er testa, og at ein no har fått svar på alle testane. Av dei er det altså ein person som testa positivt på covid-19.

— Koronateamet vårt jobbar vidare med smittesporing og varsling til dei som må gå i karantene, dei som skal testast og dei som kan gå ut av ventekarantene. Alle som er i karantene må bli i karantene som avtalt, sjølv om dei har fått negativt resultat på testen, heiter i meldinga frå Vaksdal kommune søndag.