Det er tatt mange koronatestar i Dalehallen den siste veka. På biletet helsesekretær Henriette Kleveland Kvalheim. Foto: Magne Solhaug

Eitt nytt smittetilfelle

Kommuneoverlegen i Vaksdal melder onsdag kveld om eit nytt smittetilfelle.

— Vedkommande er i isolasjon og har milde symptom, heiter det i ei melding.

Vaksdal kommune har ikkje meir å melda onsdag kveld.

13 personar siste veka

Det nye smittetilfellet kjem i tillegg til dei fire som det vart varsla om tysdag kveld.

Med det er det til saman 13 personar som har fått påvist smite den siste veka.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth fortalde onsdag morgon at dei tilfella ein har registrert den siste veka, er det god kontroll på.

— Men det skal no svært lite til for at me får nye tilfelle. Folk må vera flinke å følgja dei strenge smittevernråda, det er no viktigare enn nokon gong, og ein må framleis vera med på stordugnaden for å få bukt med smitta som no har breidd om seg både her i Vaksdal, i Bergen og kommunane rundt, sa Thorseth.

Smittefare over alt

— For dette er ikkje over, det forstår nok folk også, håpar eg. Smitte finst over alt og det skal så lite til for at me får nye tilfelle. Så folk må halda avstand, helst to meter, halda seg med sine næraste, vaska hendene, og bruka munnbind når ein er på butikken, reiser med offentleg transport eller er stadar der folk samlast, er den klare melding frå Thorseth.

Over 200 testa siste veka

Talet på nysmitta i Vaksdal er svært høgt, sett i høve til at smittetalet før torsdag sist veke berre var fire koronatilfelle sidan pandemien starta i mars.

Mellom dei som no er smitta finn ein folk i alle aldersgrupper, både unge, vaksne og godt vaksne, som Thorseth uttrykkjer det.

Mange er i karantene i kommunen no. Over 200 vart testa siste veke og fleire skal testast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thorseth fortel om periodar svært stor pågang på koronatelefonen.

— Ikkje alle får svar med ein gong. Då må ein venta og prøva igjen om litt, så får ein svar. Ikkje ring legekontora, dei kan ikkje gje dei rette svara, seier Thorseth.

Tre tilsette jobbar no på fulltid med testing, smittesporing og å svara på koronatelefonen. Testinga går føre seg i inngangspartiet til Dalehallen.

Karantenetida er snart omme for mange

Like over helga går karantenetida ut mellom anna for ein god del elevar på Stanghelle og Dale skular, og nokre elevar på Stamnes skule. Då har dei vore heime i 10 dagar. Dei skal stå karantenetida ut, sjølv om dei har testa negativt.

— Slik det no ser ut tyder alt på at desse snart er tilbake på skulebenken. Alarmen som gjekk i Stanghelle barnehage fredag var raskt avblåst. Smittemistanken her var ugrunna, seier Thorseth.

Vil følgja Bergen

No vert det strenge restriksjonar i minst ei veke til for folk flest, truleg endå lenger.

— Me kjem til å følgja Bergen, om dei vel å ta nye to veker, seier Thorseth.

— Kva vil du seia til folk som kanskje byrjar å mista tolmodet?

— Ein må forstå at viruset er hjå oss framleis. Det skal så lite til no for meir smitte, så folk må rett og slett halda seg unna det meste, så kanskje vil me då kunna feira jul på ein litt kjekkare måte enn om jula hadde vore no, seier kommunelegen i Vaksdal.