Eksingedalen frå sykkelsetet

17. mai-helsing frå Eksingedalen.

17. mai-helsinga frå Eksingedalen er denne filmen, der ein får følgja syklistane Vegar Gullbrå Tollefsen, Magnar Nese, Harald Lyngmo og Frøydis Gullbrå gjennom heile den vakre dalen.

Sjølv om ikkje vêrgudane spelte heilt på lag maidagen då filmen var spelt inn, får ein eit fint innblikk i korleis den vakre dalen viser seg frå sykkelsetet.

Langs vegen treff ein folk, som ein får helsa på. Og til sist får ein vera med på tur til Kjerringanosi, som er på vegen opp til Kvitanosi

Filmen er laga av Frøydis Gullbrå og Sven A. Tollefsen.

Sjå filmen her