Mellom planovergangen og den gamle bossplassen på Dalebryggja vart det søndag funne tre daude kattar.
Mellom planovergangen og den gamle bossplassen på Dalebryggja vart det søndag funne tre daude kattar. Foto: Esben Hesjedal

Fann tre daude kattar

Politiet fekk søndag ettermiddag melding om at det var funne tre daude kattar på gamlevegen mellom Dale og Stanghelle.

Politioverbetjent Henning Hegbom fortel at det var ein turgåar som varsla politiet.

– Ikkje langt frå planovergangen på gamlevegen fann me tre vaksne kattar, og like ved var det ein levande kattunge. Kattane var svarte og kvite, og den eine var litt brunfarge på. Me ønskjer kontakt med folk som saknar kattane sine eller som kan vita noko om denne saka, seier Hegbom.

Kattungen vart teken hand om av organisasjonen Kattens Vern. Dei tre daude kattane skal undersøkjast av veterinær.

– Det heile er litt underleg, og me ønskjer å finna ut kva som ligg bak dette. Kattane vart funne like ved vegbana, og dei verka ikkje å ha lege der lenge. Det nyoppretta Dyrepolitiet er informert. Dersom nokon veit noko som kan setjast i samband med denne saka, så ønskjer me at dei tek kontakt med politiet på Voss, seier Hegbom.

eh@vpn.no