VAKSINERING: 88 personar i Vaksdal kommune har fått to vaksinar, og er med det fullvaksinerte. Biletet er frå då Arne Dahle fekk vaksine av helsesjukepleiar Brith Kydland.

Får 60 vaksinar denne veka

Vaksdal kommune får 60 nye vaksinedosar mot korona denne veka.

Det opplyser leiar for kommunikasjon og service i kommunen, Mona Mekki.

Talet på vaksinar Vaksdal mottek no i veke 8, er litt færre enn det ein har fått tidlegare.

I veke 6 og 7 vart det sett 72 dosar, i veke 5 vart det sett 79 dosar.

Det vert elles opplyst at det pr. 19. februar var 88 personar i Vaksdal kommune som var fullvaksinerte. Det betyr at dei har fått to dosar med vaksine.

Fredag 12. februar var kommunen ferdig med fullvaksinering av bebuarane på sjukeheimane i Vaksdal.