annonse

Fin opplagsvekst for VaksdalPosten

FLEIRE LESARAR
FLEIRE LESARAR: VaksdalPosten fekk fleire lesarar i første halvår. Mange likar framleis papiravisa, men veksten kjem på nettet. (Foto: Illustrasjon)

VaksdalPosten fekk fleire lesarar i første halvår av 2019.

Magne Solhaug

Det viser opplagstal som Landslaget for lokalaviser (LLA) presenterte denne veka.

Lokalavisa for Vaksdal og Modalen auka opplagstalet med 51, frå 2.177 ved årsskiftet til 2.228 ved utgangen av juni.

Det er ein auke på 2,3 %.

Aukar på nett

VaksdalPosten opplever ei positiv utvikling på digitale abonnement.

Redaktør Esben Hesjedal er glad for at fleire les VP i ei utfordrande tid for bransjen.

– Det er kjekt å ha opplagsauke, det er det ingen tvil om. Me har gradvis auka satsinga vår på nettet, og opplever ein fin auke i trafikken på VP.no. At fleire ønskjer å lesa sakene våre, anten det er i papiravisa eller på nett, er sjølvsagt gledeleg, seier Hesjedal.

Stabilt for lokalavisene

Samla går opplagstala til dei 110 lokalavisene i Landslaget for lokalaviser tilbake med 0,3 %.

Generalsekretær i LLA, Rune Hetland, meiner at opplagstala viser at lokalavisene framleis er viktige for folk.

– Opplagstala for 1. halvår er ein «løyperapport» og viser at lokalavisene framleis står sterkt både i by og land. LLA-avisene sitt samla opplag går rett nok ned med 0,3 % samanlikna med siste halvår i fjor. Avisene har eit netto opplag på vel 351.000. Over 83 % av lokalavisene sine opplag er no digitale pakker, der lesarane får lokal journalistikk og lokale annonsar både på nett og papir. I ei tid med falske nyheiter og polarisert samfunnsdebatt, er det viktig med lokale redaktørstyrte aviser, seier Hetland.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.