MEIR JOBB: Koronateamet i Vaksdal jobbar lange dagar. (Arkivfoto)

Fire nye koronasmitta i Vaksdal

Tre ungdommar og ein vaksen person fekk tysdag kveld konstatert koronasmitte etter prøvetaking på Dale.

Kommuneoverlege Ole M, Thorseth fortel at dei tre ungdomane allereie er i karantene som skule-elevar.

– No vert dei isolerte, og vil få ei lengre karantene. Den fjerde smitta har truleg fått det i ein nær relasjon. Alle har i dag milde symptom, seier Thorseth.

Med det fekk koronalaget hans på Dale ytterlegera jobb tysdag kveld, med mellom anna meir smittesporing og testing.