NEGATIVT: Førebels er alle prøvesvara negative etter dei mange koronatestane som er tekne dei siste dagane. (Arkivfoto)

— Førebels berre negative prøvesvar

Vaksdal kommune har no fått svar på dei fleste av dei mange testane som vart tekne søndag og måndag etter dei fem smittetilfellet sist veke. Førebels er alle negative.

— Mange er dermed ute av karantene, melder kommunen.

Desse er ute av ventekarantene, og er tilbake på skule og barnehage i morgon: Stanghelle barnehage, Stamnes skule og Dale skule, utanom ein 8. klasse.

— For dei siste 8.-klassingane håpar me med å få prøvesvara i løpet av dagen i dag, tysdag, seier rektor Magnar Helland.

— I Vaksdal barnehage er alle ute av ventekarantene, men me har framleis to avdelingar i smittekarantene. Dei som er i smittekarantene må bli i avtalt karantene i 10 dagar.

På Stanghelle skule er alle ute av ventekarantene, men me har framleis nokre klassar i smittekarantene. Dei som er i smittekarantene må bli i avtalt karantene i 10 dagar. Føresette blir varsla i eigne kanalar korleis skuledagen blir i morgon, opplyser Vaksdal kommune.