Tiltaka i kampen mot Corona-viruset vert stadig fleire. (illustrasjonsfoto)

Førebels ingen nye smitta

Folk ringjer ein god del til dei lokale helsearbeidarane i Vaksdal og Modalen med spørsmål om korona-viruset, spesielt i Vaksdal er trykket stort. Onsdag føremiddag var det framleis berre registrert ein lokal person med koronasmitte.

De var tysdag at den første personen med korona-smitte vart registrert i Vaksdal kommune. Vedkomande bur i kommunen, men vart smitta på ein arbeidsplass i ein annan kommune.

Heimekarantene

— Den smitta og den næraste familien er varetekne og sett i karantene. Vedkomande er ikkje innlagt på sjukehus. Me meiner også, med bakgrunn i dette tilfellet, at det er ikkje nokon stor risiko for vidare smitte i kommunen, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth.

Då VP snakka han onsdag morgon var dette til då det einaste tilfellet i Vaksdal. Men trykket på den lokale koronatelefonen var framleis stort. Måndag vart det registrert over 80 samtalar, tysdag var det minst like mange.

10 er testa i Modalen, ventar på prøvesvar

Medan Vaksdal sender folk til Voss for å bli koronatesta, så utfører ein ved legekontoret på Mo desse testane sjølv. Kommuneoverlege Frøydis Gullbrå seier til VP i dag, onsdag, at det til no er om lag ti personar som er testa.

— Mellom desse er det dei me mistenkjer kan vera smitta, men det veit me ikkje før me har fått prøvesvar. Det skjer vonleg innan utgangen av veka. Dei dette gjeld er sett i isolasjon, seier Gullbrå.

Sandra Rødland og Ole M. Thorseth svarar på koronaførespurnader i Vaksdal. (Foto: Esben Hesjedal)

Koronatestar på Voss

Kommuneoverlege Thorseth i Vaksdal kunne elles fortelja at frå torsdag av så vil ein sjukepleiar frå Vaksdal kommune også vera med i det felles testlaget på Voss som utfører koronatestane på dei som vert vidaresendt frå legekontora.

— Det kom oppmoding til oss om å delta her. Me sa sjølvsagt ja i og med at me hadde personell å avsjå, seier Thorseth.

— Legekontoret er ope

Tysdag kveld gjekk denne oppmodinga frå legekontoret på Dale ut på kommunen si heimeside:

Eldre eller personar med kronisk sjukdom som har behov for legetilsyn kan ta kontakt med legekontoret i heradshuset og blir vurdert for time eller heimebesøk.

— Me sende ut denne oppmodinga fordi me har merka ein nedgang i talet på generelle førespurnader. Me fryktar litt at spesielt eldre som er sjuke rett og slett ikkje tør å ta kontakt med oss, men det må dei gjera. Legekontoret er ope, presiserer Thorseth, og stadfestar at i siste instans kan også heimebesøk bli aktuelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men truleg er vanleg konsultasjon eller ein telefonsamtale nok, men alle som er sjuke og som kjenner at dei burde snakka med lege, må ta kontakt, oppmodar kommuneoverlegen.

Sluttar å brøyta veg inn til hyttefelt

Elles så har det vore mykje merksemd siste tida på den sterke oppmodinga til folk flest om ikkje å bruka hyttene sine grunna fare då for smittespreiing. I Modalen har ein også gjort andre ting, eller rettare late vera å gjera ting, for å stansa hyttebruken. I ei melding på kommunen si heimeside heiter det:

— Nygard Vassverk har ansvar for brøyting og strøing av Nygardsvegen II og tilhøyrande sidevegar. Stortinget har vedteke ei forskrift som inntil vidare forbyr opphald i hytter og fritidsbustader utanfor eigen heimkommune. I samråd med BKK har Nygard vassverk i dag vedteke å stoppa brøyting av Nygardsvegen II med sidevegar så lenge vedtaket frå sentrale styresmakter er gjeldande. Dette inneber at berre den kommunale vegen til fastbuande vert brøyta og vedlikehalde, og dei andre vegane til hytter i Kvanndalen og Nygard står ubrøyta og kan bli stengt av.