INGEN NYE TILFELLE: Kommuneoverlege Ole M. Thorseth. (Arkivfoto)

Førebels ingen nye smittetilfelle

Mellom fredag ettermiddag og laurdag føremiddag var det ikkje registrert nye smittetilfelle i Vaksdal kommune.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth er likevel ikkje trygg på at ein er over noko kneik endå. Det er mange prøvar som det ikkje er komme svar på.

— Men sjølvsagt er det positivt at me ikkje har fleire positive prøvar å melda om no, seier han.

Mellom dei 20-tals som er registrerte med positive koronaprøver den siste tida, finn ein også ein som er tilsett i pleie og omsorg i kommunen.

— Denne personen jobbar ikkje på nokon av sjukeheimane våre, men i andre delar av tenesta. Så førebels har me greidd å halda smitta utanfor institusjonane våre, seier Thorseth.