Kommuneoverlege Ole M. Thorseth fortel om det første korona-tilfellet i Vaksdal. Foto: Esben Hesjedal

Første med korona-smitte i Vaksdal

Tysdag ettermiddag vart den første personen med korona-smitte registrert i Vaksdal kommune.

– Meldinga kom til oss tysdag ettermiddag frå Haukeland universitetssjukehus, fortel kommuneoverlege Ole M. Thorseth.

Det han elles kan seia er at den smitta og den næraste familien er ivaretekne og sett i karantene. Vedkomande er ikkje innlagt på sjukehus.

— Me meiner også, med bakgrunn i dette tilfellet, at det er ikkje nokon stor risiko for vidare smitte i kommunen, seier Thorseth.