Lokale brannmannskap rykte ut til ulukka i Trengereidtunnelen 8. mars.
Lokale brannmannskap rykte ut til ulukka i Trengereidtunnelen 8. mars. Foto: Illustrasjon

Frigjev namnet etter E16-ulukke

Namnet på den 40 år gamle mannen som omkom i trafikkulukka i Trengereidtunnelen 8. mars er frigjeve.

Politiet melder at det var Harald Midttvedt Kløve frå Granvin som omkom.

– Namnet vert offentleggjort i samråd med familien til avdøde. Politiet jobbar framleis med tekniske undersøkingar og har ikkje noko nytt å opplysa om i saka, heiter det i ei melding frå, Arne Lutro i Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde då ein elbil og ein lastebil kolliderte inne i Trengereidtunnelen.