Det har vore fiska frå laksegilje på Skolmen også i år.
Det har vore fiska frå laksegilje på Skolmen også i år. Foto: Magne Solhaug

Friluftsmagasinet på giljefiske i Stamnes

Nyleg hadde Friluftsmagasinet på NRK P1 sending frå laksegilja på Skolmen i Stamnes. Høyr sendinga nedst i saka.

Det var reporter Helge Søfteland som var på besøk hjå laksefiskar Eirik Straume Normann på laksegilja i Vikafjorden, ikkje langt frå Stamnes skule.

Innblikk

Her fekk han eit innblikk i korleis det spesielle fisket laks går føre seg. I tillegg til at Straume Normann orienterte radiolyttarane om giljefisket, kom også Ola Kvamme på besøk og fortalde om tidlegare storfangst av laks.

Vossingen Søfteland er entusiastisk etter besøket i Stamnes.

– Det er inga overdriving å seia at eg hadde det så kjekt at Eirik måtte be fint om å få reisa heim på garden sin for å slå gras. Eg kunne ha sete på gilja og sett etter fisk mykje, mykje lenger, smiler Søfteland.

Ein draum

Han fortel at å besøkja ei laksegilje har stått høgt på ønskjelista hans lenge.

Eirik Straume Normann er svært oppteken av laksefiske.
Eirik Straume Normann er svært oppteken av laksefiske. Foto: Egil Blomsø

– Å få oppleva ei gilje i bruk har eg drøymt om sidan eg som liten gut høyrde om desse fjordafiskarane som fekk oppleva at det kokte av fisk i nota. No i våre dagar, utan særleg med laks i fjorden og elva, så er det i alle fall kjekt å sjå at gilja vert halden i stand og at kunnskapen om fisket lever vidare.

Handlingsboren kunnskap

Søfteland har stor respekt for kunnskapen, og slår fast at det ikkje er gjort i ei handvending å finna ut korleis alt på gilja fungerer.

– I google-alderen er me vane med at det meste berre er eit tastetrykk unna, men dette er i høgste grad handlingsboren kunnskap, nett som lefsebaking og sokkaspøting. Kunnskap som for berre ein generasjon eller to sidan var sjølvsagt for dei fleste som vaks opp på bygdene, men som i dag held på å bli gløymt. Me får håpa at fisken kjem tilbake, for i så fall trur eg det skal bli lett å lura ungdommen opp i gilja. Dette er mykje kulare enn iPad, spør du meg, seier Søfteland.

Friluftsmagasinet frå Stamneskan du høyra HER.

eh@vp.no