Ingeborg Nummedal-Rolland, Nathalie Holme Birkeland, Mari Dale, Tor Kristian Dale Tollaksen, Emma Steinsland Sætre, Adrian Boge Andreassen, Jenny Solhaug, Tina Frotveit og Aurora Hesjedal Haug.
Ingeborg Nummedal-Rolland, Nathalie Holme Birkeland, Mari Dale, Tor Kristian Dale Tollaksen, Emma Steinsland Sætre, Adrian Boge Andreassen, Jenny Solhaug, Tina Frotveit og Aurora Hesjedal Haug. Foto: Kristine Næss Thorsen

Frivillig arbeid inn på timeplanen

I valfaget «Innsats for andre» ønskjer elevane oppdrag som å vera besøksven, handla mat og måka snø for folk som treng det.

– Me jobbar med å finna oppdrag til elevane i Vaksdal, og helst i Dale sentrum sidan det er her ungdomsskulen ligg, seier leiar for Frivilligsentralen, Torunn Samuelsen.

Det nye valfaget «Innsats for andre» for 8. og 9. klasse på ungdomsskulen, går på å læra om og gjera frivillig arbeid.

– Det kan vera alt frå at elevane fungerer som besøksven til å hjelpa til heime, snømåking og gå tur med hunden, fortel ho, og oppfordrar folk som ønskjer oppdrag til å melda seg.

Frivilligsentralen og skulen

Faget er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og ungdomsskulen, og elevane er ute etter oppdrag på torsdagar rundt lunsj. Oppdraga skal gjennomførast gratis.

– På slutten av skuleåret skal me ha ein frivilligfest for dei me har hjelpt og andre.

Lærar Solfrid Straume meiner «Innsats for andre» er ein god måte å ha kontakt mellom skulen og samfunnet på.

– Det er veldig fint å både ha praksis og teori i faget, så me tok kontakt med Frivilligsentralen.

Besøkte helsetunet

Faget er først og fremst praktisk, og tidlegare i haust har elevane mellom anna vore på besøk i barnehagen og helsehuset på Dale.

– Me har snakka med dei eldre, lest avis for dei og gjort ulike aktivitetar.

Elevane har også lært om kommunikasjon når ein driv med frivillig arbeid, og skrive under på teieplikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har fått ein del ansvar og me har fått gode tilbakemeldingar på det dei har gjort så langt.

Fysiske gjeremål

Straume fortel at dei er i startgropa og at skulen vil prøva ut faget dette skuleåret.

– Det finst mange spennande oppgåver elevane kan jobba med.

Adrian B. Andreassen, Tina Frotveit og Aurora Hesjedal Haug seier at det kjekkaste med «Innsats for alle» er å hjelpa andre.

– Det er fint å vera med dei eldre og snakka med dei, seier Tina.

Adrian seier han har mest lyst på oppdrag med fysiske gjeremål.

– Det kan vera til dømes å gå på butikken og gjera hagearbeid, seier han.

knt@vp.no