Naudetatane rykte ut til møteulukka på Stanghelle, som skjedde like oppom småbåthamna på Stanghelle.

Front mot front på Stanghelle

Søndag ettermiddag rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke på E16 på Stanghelle. Ein person vart sendt til legesjekk.

Ulukka skjedde på Bergens-sida av Stanghelletunnelen.

– Alle involverte skal vera ved medvit, og det er ikkje meldt om at nokon sit fastklemde i køyretøya. Det er førebels ikkje klart kor mange som er involvert, melde politiet like etter ulukka.

Det skal ikkje vera alvorleg skadde i ulukka, som vart meldt klokka 17.36.Klokka 18.30 melde politiet at ein person var sendt frå staden til legesjekk.

Fire personar skal ha vore involvert i ulukka.

Politiet opplyser at det er ein stor åstad, med store materielle skader.

– Men ulukka var heldigvis ikkje så alvorleg som frykta, skriv politiet på Twitter.

E16 på Stanghelle er no open igjen.