OPNAR: Fylkesvegen ved Kallestadsundet bru opnar måndag klokka 15. Foto: Torstein Mehus

Fylkesvegen på Kallestad er opna

Måndag klokka 15 opna fylkesvegen ved Kallestadsundet bru, som har vore stengt i vel ei veke.

Byggjeleiar Åge Johan Fanebust i Statens vegvesen opplyser at vegen er rydda, og at frå klokka 15 er det klart til å sleppa trafikk på.

I samråd med geolog

— Avgjerda om å opna vegen igjen er gjort i samråd med geolog. Vurderinga er at det no er så trygt som det kan verta. Å gje 100 % garantiar kan me ikkje, verken her eller andre stader på Vestlandet, seier Fanebust.

Han legg til at det kan verta korte stengingar på kring ti minutt, når gravemaskiner skal utføra mindre arbeid oppom fylkesvegen. Det skal mellom anna leggjast ut nokre steinar, som vert henta frå rasløpet på nedsida.

— Det er bygt ein liten voll på oppsida, og saman med nokre steinar er tanken at det kan stoppa noko dersom det skulle komma meir. Men det trur me ikkje det skal gjera, seier Fanebust.

Kantsikring

På kort sikt skal det ikkje gjerast meir med rasløpet oppom fylkesvegen. På nedsida av fylkesvegen er det sett opp mellombels kantsikring, som skal vera der til ein får montert permanent autovern. Det gamle gjekk med i raset.

Med opninga av fylkesvegen har folk som bur på strekkja mellom Kallestadsundet bru og Toskedalen igjen vanleg vegsamband.

Les også
Reknar med å opna fylkesvegen i dag

Framleis stengt til Kallestad

Den kommunale vegen til Kallestad nede ved fjorden vert ikkje opna måndag. Her er det ein god el meir jobb som må gjerast.

Dei som bur på Kallestad har dermed framleis ikkje vegsamband for bil.