Rådmann Atle Fasteland er stolt over måten både brannmannskap jobba på og hjelpeapparatet innan helse og omsorg som vart sett i sving. Foto: Esben Hesjedal

– Glad for at hjelpeapparatet fungerte så godt

Rådmann Atle Fasteland rosar både mannskapa som rykte ut til brannen på Dale måndag kveld, og det kommunale hjelpeapparatet.

Då alarmen gjekk i 20.30-tida måndag, vart eit stort hjelpeapparat sett i sving.

Kom raskt til

– Blålysestetane kom raskt til og gjorde ein kjempejobb. Dei jobba svært effektivt og godt, seier Fasteland.

Ambulansen var først på staden, så kom det lokale brannvernet og starta sløkking og søk etter personar i huset. I tillegg til lokale brannmannskap, var det også kalla inn brannressursar frå nabokommunane. Politi vart også sendt til Dale både frå Voss og Bergen.

Kommunalt hjelpeapparat

Rådmannen opplyser at Vaksdal kommune raskt organiserte eit hjelpeapparat for dei som vart råka av brannen i den kommunale bustaden i Fabrikkvegen.

– Eg er først og fremst svært glad for at ingen kom alvorleg til skade, eller endå verre at det gjekk liv. Dei som budde i bustaden vart raskt tekne hand om på Daletunet. Oppi det dramatiske og tragiske ei slik sak er, så er det godt å sjå at det kommunale hjelpeapparatet fungerte så godt. Mange kommunalt tilsette kom raskt til, og dei engasjerte seg og jobba svært målretta og roleg. Eg er stolt av jobben som vart gjort av våre tilsette, seier Fasteland.

Han fortel vidare at det no framover vil verta jobba med å finna tenlege buløysingar for dei som er råka av brannen.

eh@vp.no