Hærverk og knusing på Geitabakken: N/A Foto: Privat

Glasskår på kunstgrasbana

Glasskår og spor etter festing var det som møtte forbipasserande på kunstgrasbana på Geitabakken torsdag morgon.

Leiar i Dale Idrettslag, Erlend Hesjedal-Johannessen, fortel at det var eit trist syn, særleg at det låg glasskår på bana.

— På kunstgrasbana låg det slengt sigarettsneipar, øl- og ciderboksar og anna som tyder på at nokon har oppheldt seg der natt til torsdag. Boksar er no ein ting, men det verste var glasskår frå ei ølflaske som var knust. Slikt kan vera svært farleg for fotballspelarar som brukar bana, seier Hesjedal-Johannessen.

Måtte plukka glasskår

Det vart plukka mange, små glasskår frå kunstgrasbana på Geitabakken. Foto: Privat

Både dei som oppdaga hærverket og folk frå idrettslaget har plukka og leita etter glasskår i håp om å få opp alt.

— Det er plukka hundrevis av små glasskår. Dei som har gjort dette kan ikkje ha tenkt særleg langt. Det seier seg sjølv at glas ikkje har noko på ei kunstgrasbane å gjera, og i verste fall kan gjera at fotballspelarar skadar seg.

Etter klokka 22

Han fortel at dei som har vore på Geitabakken og står bak hærverket, må ha komme der etter klokka 22 onsdagskvelden.

— Då veit me at bana var tom. Dersom nokon har sett folk på kunstgrasbana etter klokka 22 onsdag kveld, må dei gjerne gje oss eit vink. Slikt som dette vil me ikkje ha det, seier Hesjedal-Johannessen.

Natt til torsdag har det vore folk på Geitabakken som har lagt igjen boksar, sneipar og glasskår. Foto: Privat

Tidlegare episodar

Han legg til at også i fjor var det uønskte hendingar på Geitabakken.

— Det var ein episode der eit bosspann i plast vart tent på, og under ein ryddedugnad vart det funne bortgøymt utstyr til å røykja hasj med. Alt dette viser at noko må gjerast, og det har me dialog med kommunen om, seier Erlend Hesjedal-Johannessen.