KOLLISJON: Det var store materielle skader på bilane som var involvert i ulukka ved inngangen til Jamnatunnelen. Foto: Vaksdal brannvern

Glatt vegbane på ulukkesstaden, E16 er opna igjen

Ingen kom alvorleg til skade i trafikkulukka ved Jamnatunnelen fredag morgon. Vegbana var glatt på staden.

Ulukka vart meldt klokka 09, og kring klokka 10.45 vart vegen opna igjen.

To personbilar kolliderte ved tunnelmunningen til Jamnatunnelen, på vaksdalssida.

Brannkoordiator i Vaksdal, Brede Tjønneland, fortel om glatt vegbane.

– Då brannmannskapa kom fram opplevde me at vegbana var svært glatt. Den eine bilen har skadar i fronten, den andre i sida. Hadde det blitt samanstøyt front-mot-front, så kunne dette gått mykje verre. Bilane fekk store materielle skadar, fortel Tjønneland.