Frå venstre Elija Tamasauskyte, Milla Petrov, Daniel Mjelde og Elisabeth Gullbrå ser fram til julefeiring. Foto: Kristine Næss Thorsen

Gler seg til gåver og håpar på snø

I Vaksdal barnehage har det vore juleførebuingar lenge, og det er ingen tvil om at borna gler seg til jul.

VaksdalPosten har teke ein prat med 5-åringane Elija Tamasauskyte, Milla Petrov, Daniel Mjelde og Elisabeth Gullbrå.

— Gler de dykk til jul?

— Ja!

— Kva er det kjekkaste med jul?

— Eg likar å opna gåver. I år ønskjer eg meg ein stor bamse, kjem det kjapt frå Elisabeth.

Gyngehest

— Eg ønskjer meg ein gyngehest og rulleskeiser frå julenissen i år, fortel Elija.

Både Milla og Daniel er einige i at rulleskeiser verkar som ein bra gåve.

— Eg ønskjer meg også ski, seier Daniel.

— Kva plar de å gjera i jula då?

— Eg ser julefilmar, og så håpar eg få laga ein snømann, seier Elija.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feirar heime

Ho fortel at ho og familien skal til England i jula for å feira i lag med tanta som bur der.

Elisabeth, Milla og Daniel skal vera heime med familien. Daniel får besøk av besteforeldra på julaftan.

— Viss det blir snø har eg lyst å aka, fortel Elisabeth.

Pinnekjøt

Både ho og Daniel fortel at dei skal eta pinnekjøt på julaftan. Milla og Elija som har foreldre frå Bulgaria og Litauen, er derimot ikkje heilt sikre kva som står på julemenyen i år.

— Men me skal iallfall eta bjørnebærkake, seier Milla.

Mange førbuingar

Åse K. Hauståker, leiar i Vaksdal barnehage, fortel at dei har hatt mange førjulsaktivitetar i barnehagen.

— Me har mellom anna laga gåver, baka og pynta juletre, fortel ho.

Borna har også hatt adventsstund med adventskalender, sunge julesongar, gått luciatog og hatt nissefest.

— No når me kjem nærare jul snur sola, så då skal me feira at det skjer med grilling, seier Hauståker og fortel at dei også prøver å roa ned julestresset litt for barnehageborna.