10. klassingane er tilbake i skulekvardagen, og frå måndag slepp dei inn i nyeskulen bak. Frå venstre Oda Hesjedal, Sandra Nottveit Kalvik, Ingeborg Straume Audestad, Mari Faugstad Hesjedal og Thea Frotveit. Foto: Nathalie Skage

– Godt å vera tilbake på skulen

Det seier elevrådsleiar Ingeborg Straume Audestad om at ungdomsskuleelevane nyleg fekk komma tilbake på skulen etter å ha hatt heimeskule i omlag to månadar på grunn av koronapandemien. Måndag får dei flytta inn i nyeskulen.

– No er alle tilbake, men me kan ikkje vera alle klassane på skulen samtidig. Det varierer litt frå kva dagar dei ulike klassane er på skulen, seier elevrådsleiar Ingeborg Straume Audestad.

Ho synest at det har vore veldig kjekt å komma tilbake i den vanlege skulekvardagen att, etter at skulen vart stengd 12. mars som følgje av koronapandemien.

– Det var fint å sjå alle igjen og kunne vera mange samla. Eg synest det var godt å vera tilbake.

Annleis enn heimeskule

Straume Audestad fortel at det fagleg er ein overgang frå heimeskule til vanleg skule.

– Når me har heimeskule har me to fag om dagen, og så innlevering i begge fag i løpet av dagen. På skulen har me ikkje innlevering kvar dag, og no er det lettare å samarbeida med dei andre i klassen. Men heimeskule har fungert det også, synest eg.

Ho forklarar at dei har fleire nye smittervernsrutinar å halda seg til, slik som å vaska hendene ofte, vaska pulten og pcen før og etter ein har ete, og å halda ein meter avstand.

– I første og andre friminutt har me lov å vera i Gatå for at me ikkje skal vera for mange på skuleområdet. Dersom me er inne i friminuttet må me sitja ved pultane. Reglane er eigentleg veldig greie.

Det siste som står att av gamleskulen til venstre, skal no rivast. Til høgre den nye skulen som vert teken i bruk på måndag.

Snart ferdige

Det er ikkje mange vekene før 10. klasse er ferdige på ungdomsskulen, og Straume Audestad fortel at ho er glad for at dei får testa ut den nye skulen på Dale den siste tida. Frå måndag av skal ein få sleppa til i den nye, flotte skulen.

– Me skal snart bort på nyeskulen, og det gler me oss alle til. Der er det også betre plass, og då blir det nok lettare å halda avstand, seier elevrådsleiaren.