MO: Det gamle kommunehuset syng på siste verset. (Foto: Stamnes dronefoto, Rune Langeland)

Halve kommunehuset vekke

Halve kommunehuset på Mo er rive.

Rivearbeidet som går føre seg på Mo går framover. Det syner desse dronebileta.

Det er verksemda Rivenes AS som har arbeidet med å fjerna det gamle kommunehuset frå tomta. Her skal det før jul neste år koma eit nybygg som skal husa mellom anna kommuneadministrasjon og dataverksemdene Uni Micro og MobileWorker.

ENDRINGAR: Det føregår store endringar på Mo. (Foto: Stamnes dronefoto, Rune Langeland)