OPPFORDAR TIL KONTAKT: Kommunepsykolog Cathrine Louise Leikanger oppfordrar spesielt vidaregåandeelevar frå Vaksdal til å nytta seg av kontakttelefonen. Foto: Vaksdal kommune

Har oppretta kontakttelefon for unge

Tverrfagleg helseteneste i Vaksdal kommune har oppretta eit telefontilbod for born og ungdom som er uroa.

— Ein kan ringja inn om ein er trist og lei eller har bekymringstankar, seier kommunepsykolog Cathrine Louise Leikanger.

Tverrfagleg teneste for born og ungdom har no sett opp ein kontakttelefon med nummer 56593111. Tenesta er for born og ungdom opp til 20 år.

— Me kan hjelpa til med å lufta tankane eller visa vidare til riktig stad. Dersom det til dømes handlar om korona viser me til koronatelefonen, eller viss heimesituasjonen er ugrei viser me til barnevernet sin telefon.

— Vanskeleg å halda oversikt

Ho oppfordrar spesielt vidaregåande elevar til å ta kontakt viss dei treng å snakka med nokon.

— Me har ikkje så god oversikt over dei, som me har over barne- og ungdomsskuleelevar, sidan det er fylkeskommunen som har ansvaret for vidaregåande skule. Dette blir enno vanskelegare når ein er isolert på grunn av koronasituasjonen.

Å missa kvardag, rutine og sosiale arena påverkar barn og ungdom, påpeikar Leikanger. Det er bakgrunnen for den nye kontakttelefonen.

— Terskelen er gjerne litt høgare for å ta kontakt når ein er i karantene og har restriksjonar for sosial kontakt. Det er lettare når helsestasjonen er open eller helsesjukepleiarar sit på skulen.

Open på kvardagar

Det er Leikanger sjølv, og Wenche Faugstad som jobbar i PPT, som skal svara på telefonsamtalane.

— Me har ikkje samtalar i lys av stillingane våre, men fordi me har erfaring med å snakka med born og ungdom.

Telefonen har ope mellom klokka 09 og klokka 15 på kvardagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Samtalane er ei prioritert oppgåve for oss, seier Leikanger.

På grunn av koronasituasjonen har ho heimekontor i jobben som psykolog, men gjev tilbod om videokonsultasjon.

— Me gjer så godt me kan under desse omstenda, seier kommunepsykologen.