Arvid Grøsvik og barnebarnet Johanne Fjørtoft Grøsvik i samtale med kommandersersjant ved Heimevernsdistrikt 09, major Toralf Mehammer, som kom til Vaksdal for å overrekkja medaljane.
Arvid Grøsvik og barnebarnet Johanne Fjørtoft Grøsvik i samtale med kommandersersjant ved Heimevernsdistrikt 09, major Toralf Mehammer, som kom til Vaksdal for å overrekkja medaljane. Foto: Privat

Heidra etter deltaking i Tysklandsbrigaden

Arvid Grøsvik (94) vart sist veke høgtideleg overrekt to medaljar på Vaksdal sjukeheim for deltaking i Tysklandsbrigaden og i internasjonale operasjonar.

– Bestefar vart utruleg rørt. Det var tydeleg at det var stort for han, seier barnebarnet Johanne Fjørtoft Grøsvik.

Arvid Grøsvik fekk ein medalje for internasjonale operasjonar og ein for deltaking i Tysklandsbrigaden. Det var kommandersersjant ved Heimevernsdistrikt 09, major Toralf Mehammer, som stod for utdelinga på Vaksdal sjukeheim.

– Majoren sa det var absolutt på tide at han fekk utmerkinga, og at det var det minste dei kunne gjera når ein tenkjer på det bestefar har bidrege med, fortel Johanne.

Mange døydde

Ho fortel at bestefaren reiste med båt til Hamburg for å delta i Tysklandsbrigaden i 1948, der han var i 12 månader. Tysklandsbrigaden var ein norsk militær styrke som deltok i den allierte okkupasjonen av Tyskland etter andre verdskrig.

– Det var hardt. Dei var veldig unge, og for mange var det første utanlandstur. Ein del overlevde ikkje på grunn av at det var så tøft psykisk og fysisk, seier Johanne.

Interessert i historie

Det var ho som sytte for at bestefaren fekk medalje.

– Under veterandagen i mars i år fekk eg med meg at Forsvaret hadde eit sterkt ønske om å gje medalje til dei som har vore med i Tysklandsbrigaden. Utdelinga går hovudsakeleg føre seg på Haakonsvern på veterandagen kvart år, men bestefar er 94 år så klokka har byrja å tikka. Difor ringde eg i sommar og fekk kjapp respons om at dei ville dela ut medalje.

Johanne Fjørtoft Grøsvik fortel at ho gjennom oppveksten har vore interessert i det bestefaren har fortalt.

– Han er framleis klar, og det er interessant å høyra han fortelja om det han har opplevd. Å bidra til at han fekk medaljar var det minste eg kunne gjera. Det var fantastisk at overrekkinga kunne skje på Vaksdal, seier Grøsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

knt@vp.no