DALE KYRKJE: Musikkvideo-innspelinga vart nyleg gjort i Dale kyrkje. På biletet ser ein frå venstre Øyvind Flatekval, Hege Eide Vik og Ole Christian Tøsse, bak Simon Flatekval. (Foto: Nese Media)

Høyr ordføraren syngja julerockelåt

Søndag vert Nese Media sin julesong, med nyinnspelt musikkvideo frå Dale kyrkje, sleppt. Og det er ein rocka versjon av Fager er jordi som folk får servert.

Ordførar Hege Eide Vik syng, medan trioen Øyvind Flatekval på gitar, Simon Flatekval på trommer og Ole Christian Tøsse på bass syter for eit skikkeleg rockekomp som skil seg veldig frå slik ein er van med å høyra den kjende julesalmen.

Klikk under for å høyra og sjå:

– Ei kjekk utfordring

Hege Eide Vik syntes det var kjekt å bli utfordra til å vera med på noko litt annleis, då Lars Ørjan Nese i Nese Media presenterte ideen.

– Dette er jo Lars Ørjan sitt prosjekt, og eg synest det er fint å vera med på noko som kan sendast ut no før jul, i ei tid då folk gjerne ikkje kan gå på julekonsertar som ein er vane med, seier Eide Vik.

Lys song, mørke gitarriff

Hennar lyse, klare songstemme på Fager er jordi vert altså akkompagnert av tunge gitarriff.

– Totalen i songen vil nok folk oppleva som veldig annleis enn det meste eg har gjort før. Men eg er framleis innanfor komfortsona mi, og syng eigentleg slik eg brukar. Det er kanskje kontrastane med kompet som gjer dette litt spesielt. Noko rockevokalist er eg ikkje, ler Hege.

JULEROCK: Frå venstre Simon Flatekval, Øyvind Flatekval, Hege Eide Vik og Ole Christian Tøsse. Foto: Nese Media

Mindre julesong enn vanleg

Som ordførar i koronatida vert det mindre song enn tidlegare, og ho er usikker på om det vert høve til å opptre med song før jul.

– Eg hadde nokre oppdrag som vart avlyste, og så er det ei moglegheit igjen som det er usikkert om det kan bli noko av. Men det er ikkje synd i meg, som har full jobb ved sidan av det som eigentleg er faget mitt. Situasjonen me står oppe i er mykje verre for kulturlivet generelt og frilansmusikarar som skal prøva å leva av musikken, seier Hege Eide Vik.

– Den finaste julesongen

Det er Lars Ørjan Nese, eksingedøl busett i Modalen - med slektsrøter til Dale, som står bak musikkvideoen som vert lansert første søndag i advent.

– Utgangspunktet var rett og slett at Fager er jordi er den finaste julesongen. Salmar har gjerne eit uforløyst potensiale, i og med at det er så flotte melodiar. No har eg ved hjelp av dyktige musikarar fått skapt min drøymeversjon av Fager er jordi, og så får eg samtidig visa litt kva Nese Media har å tilby når det kjem til lyd og bilde, fortel ei forventningsfull Lars Ørjan før lanseringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Lars Ørjan Nese i Nese Media som står bak prosjektet. Foto: Nese Media

Songen skal også gjevast ut i ei rekkje streamingkanalar, som Spotify, Youtube, Facebook og TikTok.