Høyr svensk radiosending frå Modalen
Ein reporter frå Sveriges Radio har teke turen til Modalen for å finna ut kvifor ein i Noreg har lukkast betre med handteringa av korona-pandemien, enn i heimlandet hans.
Reporter Mats Carlsson Lénart har reist til Modalen, ein av 15 kommunar i Noreg som ikkje har hatt koronasmitte. Her treff han kommuneoverlege Frøydis Gullbrå, som forklarar svenskane korleis ein i Modalen og i Noreg har jobba mot koronaen.
I introen til programmet heiter det:
– Slik skyddar Norge sine äldre. Modalen är en av cirka 15 norska kommuner som tidigt 2021 inte haft ett enda coronafall. I Norge är det relativa dödstalet i covid-19 cirka tio gånger lägre än i Sverige.
Høyr den svenske sendinga frå Modalen under.